Seks koronapasientar på sjukehusa i fylket

Volda sjukehus har framleis berre ein korona-pasient. Som er i betring.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Helse Møre og Romsdal melder torsdag at dei fire sjukehusa i fylket til saman har seks innlagde pasientar med korona-smitte.

Volda sjukehus har framleis berre ein pasient, og pasienten er i betring.

Same status har Ålesund sjukehus.

Molde sjukehus fekk onsdag ein ny korona-pasient. Vedkomande vart innlagd ved intensivavdelinga onsdag kveld. Tilstanden for pasienten er alvorleg, men stabil.

Molde-sjukehuset har ein korona-pasient til – som er i betring og ligg til behandling i kohortavdelinga.

Kristiansund sjukehus har to innlagde koronapasientar. Begge pasientane får intensivbehandling og er i betring.