Endringar i smittestatistikken mellom Ørsta og Volda

Overfører ein smitta til Ørsta

Koronatesting i Ørsta, mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta og Volda kommunar har endra statistikken sin for smittetilfelle, melder kommunane i ei felles pressemelding.

  • Ørsta kommune går frå 5 til 6 tilfelle.
  • Volda kommune går fra 6 til 5 tilfelle.


- Det betyr at det ikkje er noko nytt smittetilfelle i Ørsta, men at vi i statistikken flyttar eit tilfelle frå Volda kommune over til Ørsta kommune. Smittetilfellet går tre veker tilbake i tid, opplyser kommunane.

Tilfellet som no har vorte overflytta frå Volda kommune til Ørsta kommune sin statistikk, er folkeregistrert i Ørsta kommune, men har fastlege i Volda.

- Kommunane ligg geografisk nære kvarandre og det er fleire som har fastlege på tvers av kommunegrensene. Dette tilfellet vart testa i Volda og fulgt opp i Volda. Vedkomande har difor feilaktig kome på Volda kommune sin statistikk fram til no. Vi understrekar nok ein gong at dette smittetilfellet ikkje er nytt, men går tre veker tilbake i tid. Det er likevel viktig å få kommunestatistikken riktig, og difor gjer vi rettinga no, skriv kommunane i pressemeldinga.