Framleis ingen fleire påvist smitta i Volda

Test-stasjonen ved Volda ungdomsskule. Det er snart tre veker sidan det vart påvist nye korona-smitta i Volda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder onsdag at ti personar vart korona-testa i går, og at ingen av desse fekk påvist smitte.


Endringar i smittestatistikken mellom Ørsta og Volda

Overfører ein smitta til Ørsta


I løpet av påska vart åtte voldingar testa, og dei var heller ikkje smitta av korona-viruset.

Til no har det blitt testa 258 personar i Volda. Etter korrigering i dag er totalt tal på positive prøveresultat i Volda kommune fem.