Vil vekk frå føretaksmodellen

Fylkesutvalet vil ikkje berre sjå på fordelinga av pengar mellom helseføretaka. Utvalet vil ha ei heilt ny finansieringsordning.

Volda sjukehus.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Fylkesutvalet handsama denne veka ei sak om finansiering av helseføretaka. Saka baserer seg på ei offentleg utgreiing om den framtidige finansieringa.

– Møre og Romsdal fylkeskommune set spørsmålsteikn ved om føretaksmodellen fungerer for sjukehusdrift. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at ein må vurdere om nivået på budsjettramma til dei regionale og lokale helseføretaka er tilstrekkeleg, ikkje berre sjå på omfordeling mellom føretaka, heiter det i tilrådinga til fråsegn.

Forslaget vart fremja av Kristin Sørheim (Sp) med fleire, og berre H og Frp røysta i mot.

– Det må etablerast eit heilt nytt finansieringssystem for sjukehusa. Dei regionale helseføretaka må, på same måte som dei enkelte sjukehusa, i all hovudsak finansierast gjennom rammebudsjett over statsbudsjettet. Innsatsstyrt finansiering må reduserast til eit minimum, heiter det i forslaget til fråsegn.

Fylkesutvalet understrekar at det må vere likeverdige tilbod over heile landet.