To nye koronasmitta i Stryn

Laurdag vart det meldt om to nye koronatilfelle i Stryn. Dermed er tolv smitta.
Nyheiter

(Fjordingen): To nye personar har fått påvist koronasmitte i Stryn. Det melder Stryn kommune laurdag.

– Vi har kontroll på smittesporing og smittekjelde. Begge har vore i isolering under heile forløpet, opplyser kommunen på si heimeside.

Status for perioden 11. mars til 28. mars er at til saman 12 personar i Stryn kommune har fått påvist koronavirus.Denne saka vart fyrst publisert i Fjordingen.