Har tatt over Skoringen i Ørsta og Ulsteinvik

– Ein tøff start

Arnhild Brubakk Grimstad og Sonja Ask har gått saman om å ta over Skoringen-butikkane på Amfi-senteret i Ulsteinvik og Alti-senteret i Ørsta.

Glade – men også spente: Arnhild Brubakk Grimstad (t.v.) og Sonja Ask gjekk saman om å ta over Skoringen-butikkane i Ulsteinvik og Ørsta. Det skjedde diverre like før ei av dei tøffaste tidene norsk næringsliv og heile det norske samfunnet har opplevd, inntrefte – koronakrisa. Men – Arnhild og Sonja vel å vere optimistiske, og håper at innbyggjarane i regionen støttar lokalhandelen i desse tøffe tidene.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL - Vikebladet Vestposten

Lokal handel er kjempeviktig, og vi må stå saman for å møte ulike utfordringar. Og spesielt den utfordringa vi møter no

Nyheiter

– Begge to skal jobbe begge stader, og vi skal drive dette saman – fifty-fifty. Det har vore ein tøff start, men vi håper sjølvsagt situasjonen ikkje blir langvarig, seier Arnhild og Sonja til Vikebladet Vestposten.