Skredsikring mellom Urke og Øye på sjetteplass

Fylkesutvalet har prioritert skredsikring mellom Urke og Øye på sjetteplass blant ras- sikringsprosjekt for fylkesvegane.

Rassikring: Fylkesutvalet ynskjer rassikring mellom Urke og Øye. Arkivfoto 

Nyheiter

Vedtaket vart gjort mot røystene til SV og Frp, og ein frå Ap.

Tilrådinga frå fylkesutvalet skal handsamast i fylkestinget. I tilrådinga heiter det at fylkestinget meiner at mindre tiltak må prioriterast, slik at ein får mest mogleg sikring for flest mogleg.

Fylkesutvalet støttar samferdselsutvalet sine prioriteringar, der rassikring mellom på Eikesdalsvegen er prioritert på fyrsteplass.

På femteplass er Gjøtteneset og Dalsetrabben i Dalsfjorden i Volda prioritert. Kostnaden er rekna til 50 millionar kroner.

Strekninga mellom Urke og Øye er prioritert på sjetteplass med ei løyving på tjue millionar kroner.

Fylkesutvalet seier også at staten må ta ansvar for tryggleiken ved nasjonale ikon som fv. 63 Trollstigen (Kjellstadlia), og tiltak må finansierast ut over ordinære tilskottsordningar.

Fylkestinget ber administrasjonen kome tilbake med ei sak om vidare arbeid med planlegging og ev. prosjektering av prioriterte tiltak.