Ny smitta i Volda

Nok ein volding har fått stadfesta korona-smitte, og talet er dermed oppe i fem.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune fekk eit nytt positivt prøvesvar på koronavirus torsdag kveld.

Det er god kontroll på smitta. Personen er truleg smitta i utlandet. Det er ingen samanheng mellom denne og den førre personen som testa positivt.



- Samla er det fem som har testa positivt i Volda kommune til no. Det finst ikkje eit godt nasjonalt system for å registrere friskmeldte personar. Dei som har testa positivt i Volda har ikkje vore alvorleg sjuke eller innlagt. Det er krav til at ein må vere frisk i ei heil veke før ein kan friskmelde nokon som har teste positivt på koronavirus. Dei som testar positivt blir fylgt opp av fastlegen dagleg eller oftare ved behov, skriv Volda kommune i ei pressemelding.