Næringslivet får kontantstøtte

Brunvoll Volda er mellom bedriftene som har permittert medarbediarar.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

NPK-NTB: Regjeringa foreslår at staten dekker ein del av dei faste utgiftene for bedriftene som er koronaramma. Den blir anslått å vere 10–20 milliardar per månad.

Forslaget vart lagt fram fredag morgon.

– Det er tusenvis av norske bedrifter som no opplever at inntektene fell brått, men som likevel har husleige, forsikringar og andre utgifter som ikkje forsvinn sjølv om dei reduserer drifta og permitterer tilsette. Når staten dekker delar av desse kostnadene, aukar vi sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skape verdiar og arbeidsplassar når krisa er over, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).