NHO-gransking i Møre og Romsdal

Kvar tredje bedrift seier det er reell fare for konkurs

Koronaviruset fører til ekstreme konsekvensar for nærlingslivet.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

NHO i Møre og Romsdal har gjennomført ei ny medlemsgransking i samband med koronapandemien. Og heile 35 prosent av dei 311 bedriftene som har svart, seier at det er reell fare for at bedrifta går konkurs som følgje av korona-epidemien.

Dette er den fjerde granskinga NHO gjennomfører sidan epidemien starta, og det er første gongen dette spørsmålet vert stilt.

- Tala er alarmerande, nedslåande og fortvilande. No handlar det om eksistensen til svært mange bedrifter og arbeidsplassane til kvar enkelt. Samtidig håper vi at kompensasjonsordninga som vart lansert av regjeringa i dag kan hjelpe bedrifter som ikkje maktar mange av forpliktelsane sine, seier regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal.

Seks av ti bedrifter i Møre og Romsdal har allereie gjennomført permitteringar av tilsette, medan heile 82 prosent seier at det kan bli aktuelt å permittere om kort tid.