Tre nye innlagde i fylket

Korona-pasient innlagt på Volda sjukehus

Ein person vart innlagt på Volda sjukehus torsdag. Vedkomande har vore sjuk av viruset i ei veke.   Foto: Svein Aam

Nyheiter

Torsdag ettermiddag vart ein koronasjuk person innlagt på Volda sjukehus. Pasienten har vore kjent sjuk med koronavirus, og har hatt symptom i ei veke før innlegging.

- Naudsynte smitteverntiltak og prosedyrar blei følgt ved innlegging. Pasienten ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasienten er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten, seier klinikksjef ved Volda sjukehus Palma Hånes

Kommunen har tatt hand om smittesporingsarbeidet. Det er førebels ikkje kjent korleis vedkommande har blitt smitta.

Helse Møre og Romsdal fortel at det torsdag vart lagt inn to nye pasientar ved Kristiansund sjukehus. På Molde sjukehus ligg det frå før to korona-pasientar, medan det fredag ikkje er nokon korona-pasientar på Ålesund sjukehus.