Dei fem smitta i Volda

Ingen er alvorleg sjuke eller innlagt

Korona-testing ved Volda ungdomsskule.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Dei som har testa positivt i Volda har ikkje vore alvorleg sjuke eller innlagt på sjukehus, melder Volda kommune i ei pressemelding fredag.

Torsdag kveld fekk Volda kommune eit nytt positivt prøvesvar på koronavirus. Det er god kontroll på smitta. Personen er truleg smitta i utlandet. Det er ingen samanheng mellom denne og den førre personen som testa positivt.





Det er krav til at ein må vere frisk i ei heil veke før ein kan friskmelde nokon som har teste positivt på koronavirus. Dei som testar positivt blir fylgt opp av fastlegen dagleg eller oftare ved behov. Dei får også eige nummer dei kan ringe dersom dei vert dårlegare eller har spørsmål til legen sin. Det finst ikkje eit godt nasjonalt system for å registrere friskmelde personar.

«Ikkje ver redd for å ta kontakt med lege for andre helseutfordringar. Legetenesta er organisert slik at det ikkje er fare for smitte mellom dei med luftvegsinfeksjon og dei med andre helseutfordringar. Det er viktig at innbyggjarane veit at dei kan vere trygge på at legetenesta har stort fokus på og gode tiltak for å gje trygge legetenester til dei som har andre helseutfordringar og treng legetilsyn», skriv kommunen.

Legekontoret er todelt der det er oppretta eige legekontor for pasientar med luftvegsjukdomar ved helsestasjonslokalet på Øyra skule. Volda og Ørsta sitt legevaktsamarbeid på kveld og helg er styrka, slik at det er to legar på vakt.

Videokonsultasjon med lege

Det er også mogleg å få legekonsultasjon gjennom video. Pasienten får då ei tekstmelding med ein link. Når ein trykker på denne linken må ein logge seg inn med «MinID». Ein kjem vidare til eit virtuelt venterom dersom legen ikkje er klar til å ta imot.

Kommunen vil gjerne ha fleire frivillige. På Volda kommune si heimeside kan frivillige som vil hjelpe til registrere seg. Dette gjeld helsepersonell, frivillige og dei som har verneutstyr. Til no har 83 frivillige og 120 helsepersonell meldt seg.

Lokal informasjonstelefon

Har du spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på nr 970 11 773 - Ope 11.00-13.00 kvardagar – og betjent av helsepersonell. Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset: 815 55 015

Hjelpetelefon for psykisk helse eller rus

Har du tankar eller bekymringar i forhold til di psykiske helse eller rus? Ring oss om du har behov for å prate! Rus og psykisk helseteneste, telefon: 91598370. Telefontid: kvardagar kl. 10.00–14.00.