Framleis fem korona-smitta i Ørsta - ingen testing i helga

Koronatesting Ørsta mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Talet på personar i Ørsta kommune som har fått stadfesta at dei er smitta av koronaviruset er fredag framleis fem. Det same som torsdag. Det vert ikkje teke testar i helga.



Kommunen ventar på eitt prøvesvar frå ei prøve som vart teken torsdag.

Frå måndag til torsdag er det testa 20 personar. Sju måndag, fem tysdag, sju onsdag og ein torsdag. Fredag vart det teke fire prøver.

Ei av prøvene var positive, og talet på smitta i Ørsta er oppe i fem.

Testkriterium finn du her.

To av dei fem prøvene som vart teke tysdag vart forkasta av laboratoriet fordi dei ikkje oppfylte krava for testing.

Førre veke vart 87 ørstingar testa for korona - alle prøvesvara var negative.

- Sjølv om det vert teke mange prøver i Noreg no, er vi enno nøydd til å gjere svært strenge prioriteringar på kven det kan takast prøve av. Både dei som tek testen og dei som skal analysere prøvene må ta omsyn til kapasiteten, melder kommunen.