Appell frå kommuenoverlegen i Ørsta

-Folk må for all del ikkje slappe av

Konstituert kommuneoverlege i Ørsta Unni Natås.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

"Vi har rimeleg bra kontroll på situasjonen", uttalar kommuneoverlegen i statusoppdateringa fredag.


Status i Ørsta fredag

125 prøver - fem positive


Men det er ikkje det same som at faren er over.

– Vi vil inderleg gjerne at folk ikkje slappar av, og at ein tenkjer: "Det er berre fem tilfelle, og det er ikkje er så nøye", seier kommuneoverlege Unni Natås til Møre-Nytt

– Det er svært viktig at ein held fram slik ein har gjort. Det vil mellom anna seie: Å halde avstand, å sende berre ein i husstanden på butikken. Alle må tenkje at det er smitte der ute, seier Natås.

– Fryktar du at folk slappar av?

– Nei, mitt inntrykk er at folk er flinke, så dette er ikkje meint som nokon peikefinger. Det er meir ei oppmoding om at vi må halde fram med å vere forsiktige.

– Kommunen skriv i statusoppdateringa at de ha rimeleg bra kontroll. Kva vil det seie?

– Vi har kontroll på dei påviste tilfella, men vi må gå ut frå at det her i distriktet, som elles er landet, er mørketal. Difor må vi passe oss, og halde oss til dei nasjonale retningslinene.

- Mykje godt arbeid

Ho rosar alle seksjonane i kommunen, legesenteret og legevakta for godt arbeid. Og ho gjer det klart at legesenteret framleis har kapasitet til å yte naudsynt hjelp.

– Det er utruleg viktig at folk tek kontakt for vanlege akutte problem. Folk får framleis hjerneslag, hjarteinfarkt andre alvorlege ting. Og det er veldig viktig å ta kontakt. Ein ser det nasjonalt at færre folk enn naudsynt vert innlagt, og at dei er dårlegare enn naudsynt når dei først vert innlagde. Det er viktig at folk ikkje er redde for å ta kontakt, understreker kommuneoverlegen.

Slik hindrar du smitte

Og her er råda frå helsestyresmaktene:

For at dei omfattande tiltaka som er innført landet over skal ha best mogleg effekt, må vi alle ta ansvar for oss sjølve. Samtidig som vi held hjartet varmt og hovudet kaldt for alle dei rundt oss. Vi oppmodar difor om følgande:

  • Hald deg mest mogleg vekke frå andre personar som du ikkje delar husstand med.
  • Hald fram med gode rutinar på handvask – vask hendene hyppig og grundig.
  • Hald minst 1 meter avstand i det offentlege rom. Når vi er ute, bør vi ikkje vere meir enn 5 personar i same gruppe, med mindre vi kjem frå same husstand.
  • På arbeidsplassen held vi 2 meters avstand til kollegaen.
  • Når vi handlar, tek vi ikkje med heile familien. – Ein person er nok.