14 Volda-studentar i utlandet

Fjorten Volda-studentar er framleis i utlandet - halvparten i Australia.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Dei fleste HVO-studentane på utveksling har valt å reise heim. Fredag melde Høgskulen i Volda at dei likevel framleis har fjorten studentar som er på utveksling i andre land. Sju av desse er i Australia. Internasjonalt kontor har løpande kontakt med studentane som framleis er i utlandet og utanlandske studentar som framleis er i Volda.