Status i Ørsta fredag

125 prøver - fem positive

Testlaboratorium: Legane gjer seg klare til å korona-teste ørstingar. (arkivfoto)  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Fredag ettermiddag var dette status for smittesituasjonen i Ørsta kommune: "Til og med fredag 27.03.2020 har det blitt teke 125 prøver for koronavirus i Ørsta kommune. Denne veka vart det testa 23 personar totalt. Berre ein av testane vi har fått svar på denne veka er positiv, og det er fem positive testar totalt. Vi ventar svar på ein test torsdag og fire testar frå fredag."

Dette skriv kommunen på sine heimesider. Og vidare: "Vedkomande som har testa positivt denne veka har vorte smitta innanlands, men situasjonen knytt til tilfellet vart fort kartlagt og spora. Kommuneoverlegen kunne tidleg bekrefte at vi har rimeleg bra kontroll over situasjonen. Vedkomande hadde vore i kontakt med eit tilfelle utanfor Ørsta, men hadde halde seg heime allereie i fleire dagar før positiv test."


Appell frå kommuenoverlegen i Ørsta

-Folk må for all del ikkje slappe av


Kommunen minner og om at det er svært viktig at alle som opplever luftvegssymtom eller andre symptom smitte, held seg heime og vekke i frå andre. Og hugs, ikkje ver redd for å ta kontakt med lege dersom du treng det!

Meir om informasjon om inkubasjonstid og smitte, kan du lese på Helsenorge.no