Klar oppmoding

«Gå sjeldnare på butikken!»

Sølvi Dimmen og Rune Sjurgard på pressekonferansen i Volda fredag.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

- No kan det vere lurt å planleggje innkjøpa, slik at ein kan gå sjeldnare på butikken enn før, oppmoda ordførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard på pressekonferansen i Volda fredag ettermiddag.

-Det ligg ikkje føre noko råd om ikkje å gå på butikken, men for å avgrensa korona-smitten er det ein god ide å gå dit sjeldan. I staden for å handle dagleg – ja, kanskje til og med mange gonger per dag – bør innkjøpa planleggast, slik at ein kan avgrense seg til nokre innkjøp i veka – eller kanskje til og med eit storinnkjøp per veke, sa dei.

- Og sjølvsagt er det viktig å vere nøye med hygienen både før og etter butikk-besøket. Vaske seg, sprite hendene – og sjølvsagt halde den meteren med avstand til dei andre som er i butikken, sa Dimmen og Sjurgard.

Som understreka at stoda for handel og nærlingsliv i Volda no er alvorleg, men at det er for tidleg å seie korleis «kontantstøtten» frå staten til næringslivet kjem til å verke heilt konkret for næringslivet i Volda. Regjeringa vil bruke ti - tjue milliardar kroner i månaden på å lindre dei økonomiske skadeverknadane for korona-ramma bedrifter.

- Vi veit ikkje detaljane om ordninga før i neste veke, sa Dimmen.

I Volda kommune har til no fem personar fått påvist korona-smitte – den siste torsdag kveld. Vedkomande er truleg smitta i utlandet, men Dimmen og Sjurgard ville ikkje seie i kva land personen vart smitta.

- Det har med personvernet å gjere, sa Sjurgard.