Ny korona-smitta i Volda

Endå ein voldingar har fått påvist koronasmitte.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder torsdag føre middag at nok ein person har fått påvist korona-smitte. Dermed er talet på personar med stadfesta smitte i Volda kommune oppe i fire.

Personen har blitt smitta i utlandet, og kommunen opplyser at det er god kontroll på smitteoppsporinga på denne.

Det blei tatt 12 nye prøver onsdag som det ikkje har kome svar på. Totalt har hittil 159 voldingar blitt testa.