Norangsdalen opna igjen

Statens vegvesen melder at Norangsdalen er opna igjen.
Nyheiter

Det var søndag fv. 655 vart stengt gjennom Norangsdalen. Då gjekk der eit snøskred over vegen i hundre meters breidde.

Vegen vart raskt rydda, men vegvesenet heldt tilbake opning av vegen inntil forholda hadde stabilisert5 seg.

Vegvesenet melder at vegen er open frå kl. 12.00 torsdag.