- Meld deg som husdyravløysar

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal vil bygge opp ein reservebank med avløysarar i samband med koronaviruset.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal oppmodar no folk om å melde seg som husdyravløysar. Målet er å bygge opp ein reservebank med avløysarar om det blir behov for ekstramannskap i samband med koronaviruset.

– Personar med fagleg bakgrunn frå landbruksskule, personar med tidlegare erfaring som avløysar eller som bonde, elevar og andre som er permitterte frå vidaregåande skular/høgskular eller frå ordinær jobb og som har relevant bakgrunn er sjølvsagt svært aktuelle. Ta kontakt så vert det gitt nærare informasjon om vilkåra for å ta på seg ein slik jobb, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

– Matproduksjon er ei samfunnskritisk funksjon. Ved å ta på seg avløysing er du med på å sikre at vi alle kjem ut av Korona-situasjonen på best mogleg vis.



Om ein gardbrukar vert sjukmeld kan det søkjast om refusjon av avløysarutgifter i ettertid.