Status torsdag

Ingen nye smitta i Ørsta

Koronatesting i Ørsta (arkivfoto).  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har oppdatert statusen for korona-smitte torsdag formiddag:

- Hittil har det blitt teke 120 prøver i Ørsta kommune, og av desse er det fem positive prøvesvar. Til og med onsdag denne veka er det testa 21 personar. (Vi hadde først varsla at fem stk var testa måndag, men dette har blitt retta til seks stk), skriv kommunen på sine heimeider.

Av dei seks prøvene måndag var ei positiv, dei andre negative. Tysdag vart det tatt fem prøver og onsdag sju prøver, som det ikkje har kome svar på. Torsdag var det tatt ei prøve.

Oppdatert informasjon frå Ørsta kommune klokka 1500: "Det var ingen nye positive prøvesvar for prøvene teke tysdag. To av desse fem prøvene vart diverre forkasta av laboratoriet, fordi dei ikkje oppfylte krava for testing. Sjølv om det vert teke mange prøver i Norge no, er ein enno nøydd til å gjere svært strenge prioriteringar på kven det skal takast prøve av. Både dei som tek testen og dei som skal analysere prøvene må ta omsyn til kapasiteten."