Sparebanken Møre gjer renteendringar

- Vil hjelpe lag og organisasjonar

Line Wiik Bjerknes er banksjef i Sparebanken Møre i Ørsta. 

Nyheiter

Sparebanken Møre har flytta tidspunktet for rentekutt. Dei opplyser at renteendringa vil tre i kraft på lån i løpet av første halvdel av april. Banken har sett ned rentene på lån og innskot med inntil 0,85 prosent på kort tid som følgje av koronasituasjonen.

–Vi vil gjennomføre kuttet så snart det praktisk let seg gjere, for å lette den økonomiske situasjonen for kundane våre. Saman med høve for gebyrfri avdragsutsetjing er dette effektive tiltak som gir rask effekt, seier banksjef Line Wiik Bjerknes i Ørsta.

Bankane opplever stor pågang av kundar med spørsmål om økonomi grunna koronaviruset. Bjerknes seier at banken også vil gjere sitt for å hjelpe lag og organisasjonar.

– Det er tøffe tak for tida, også for frivillige lag og organisasjonar i regionen vår. Det aller meste av aktivitetar er lagt på is, store og små arrangement er avlyst, og situasjonen kan verke uoversiktleg for mange. Vi har difor gjort nokre grep for kome desse utfordringane i møte.

Lag og organisasjon som er spesielt utsette kan søke om støtte for å få dekt kostnader.

– Når ein må avlyse arrangement på kort varsel så har det ein trippel effekt. Ein ting er det positive bidraget arrangementet i seg sjølv skulle skape, ein annan ting er bortfall av inntekter. Men sjølv om arrangementet ikkje vart noko av, så kan det hende ein har hatt kostnader ein ikkje får dekt likevel. Vi vil difor gje frivillige lag og organisasjonar høve til å søke oss om støtte til å dekke heile eller deler av desse kostnadane. Det er synd om det som skjer no skal få negative konsekvensar også for framtidig aktivitet. Og vi kjem sjølvsagt heller ikkje til å krevje tilbake støtte som vi alt har gitt til arrangement som no vert avlyst, seier Bjerknes.