Stengt i Norangsdalen

Skal sjekke skavlane med helikopter

– I den situasjonen vi er i, er det ynske om å ha Norangsdalen open. Difor sjekkar vi skavlane og snømengda med helikopter torsdag.

Det har gått ras i Norangsdalen. Dette biletet er nokre år gammalt, og viser stoda etter vegopning.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det fortel brøytesjåfør Idar Nordang i Norangdal.

Søndag gjekk det ei stor fonn i dalen. Ho hadde ikkje høgd på meir enn ein meter, men var minst 200 meter brei.

– Og fonna tok med seg mykje småstein. Det var skikkeleg skummelt og farleg, fortel Nordang.

Difor er fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen no stengd.

– Det er likevel brøyta eit hol gjennom fonna, slik at vegen er køyrbar dersom det skulle oppstå ein spesiell beredskapssituasjon, seier Nordang.

Då ligg korona-situasjonen i bakhovudet, og behov for rask korrespondanse landevegen.

Dei farlege fonnene i Norangsdalen kjem frå sørsida. Det er der snøen legg seg. Difor har bygdefolket alliert seg med vegvesenet, og torsdag vil det etter alt å døme verte teke ei synfaring med helikopter.

– Då ser vi at det er ei luke i vêret, slik at det er mogleg med ei synfaring, fortel Nordang.

Føremålet er å sjekke ut skavlane, og sjå kor mykje snø som er i høgda. Det vil avgjere om vegen skal haldast open, eller om han vert stengd vidare.

Denne vinteren er det på sørsida snøen har lagt seg.

– På nordsida er det lite snø. Det vil seie at strekninga Øye – Urke ser rimeleg trygg ut. Vi trur ikkje der er vesentleg skredfare, seier Nordang.