Rekkedal gjestehus tek pause

Rekkedal gjestehus tek pause i alle fall til påske, og er i dialog om bestilte arrangement etter det.

Rekkedal Gjestehus stengjer ned til over påske, og der etter er det usikkert. Arkivfoto. 

Nyheiter

Det var på eit Facebook-innlegg for litt sidan at Rekkedal gjestehus varsla om konsekvensane av korona-krisa.

"Vi er inne i ei utfordrande tid, der å ta vare på kvarandre er svært viktig. Vi på Rekkedal tar no kontakt med alle som har bekrefta arrangement fram til sommaren. Ingen skal føle noko økonomisk press for å halde selskap som er bestilte. Vi har alt avlyst arrangement i første omgang fram til påske.", heiter det i meldinga.

- For oss er det avgjerande å halde god kontakt med dei som er ansvarleg for arrangementa. I fellesskap finn vi ut om det vert avlysning eller utsetting. Uansett vil dette ikkje påføre gjestene kostnad. Vi veit vi kjem oss gjennom dette, og då vil vi på nytt ønske alle velkomne, heiter det frå Rekkedal gjestehus.