Onsdag

Ingen korona-pasientar på Volda sjukehus

Ingen med påvist koronasmitte på Volda sjukehus onsdag morgon.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Heller ikkje onsdag morgon har Volda sjukehus pasientar som er innlagde med stadfesta koronasmitte.

Og det har ikkje sjukehuset hatt sidan laurdag, då den første – og hittil einaste – innlagde koronapasienten var utskriven etter to dagar.

Sjukehuset har avsett ein fjerdedel av medisinsk avdeling til koronapasientar, i første omgang elleve sengeplassar, men dette kan oppjusterast til 22. Om heller ikkje det skulle vere nok, vil Nilletun ved Mork-senteret fungere som eit supplerande korona-sjukehus.

Pasientar som er innlagde på sjukehus av andre grunnar, og som viser teikn til forkjølingssymptom, som sår hals eller snue, vert isolerte og korona-testa. Dette for å dempe risikoen for at smitte skjer innanfor sjukehus-veggene.