Gjer renteendringar raskare

Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank1 Søre Sunnmøre  Foto: SpareBank1 Søre Sunnmøre

Nyheiter

Noregs Bank har i løpet av den siste veka gjort to kutt i styringsrenta på 1,25 prosent. Styringsrenta er no på 0,25 prosent. Bankane har følgt etter og gjort rentekutt på bustadlån. Nasjonalt har DnB fått kritikk for at rentekutta først skulle gjelde frå starten av mai. Tysdag denne veka offentleggjorde banken at kutta blir gjeldande frå 5. april.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har varsla to rentekutt på bustadlån den siste veka. Til saman har banken kutta lånerenta med 0,85 prosent. For nye kundar er den nye renta gjeldande frå 25. mars. For eksisterande kundar skulle dette gjelde frå 30. april. Onsdag morgon har banken bestemt seg for å følgje etter DnB. Dei nye rentene blir gjeldande frå 5. april.

– Vi har dei siste dagane overvaka marknaden og sett korleis ting har utvikla seg i negativ retning. Stadig fleire blir permittert og mange er bekymra for økonomien sin. Vi har også i løpet av dei siste par dagane fått mange førespurnader frå fortvila kundar. Dette tek vi på alvor. Som lokal og ansvarleg bank ønsker vi å bidra i denne alvorlege situasjonen, og framskundar difor dei nye satsane på våre utlån, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, i ei pressemelding.

Sparebanken Møre har og flytta tidspunktet for rentekutt. Dei opplyser at renteendringa vil tre i kraft på lån i løpet av første halvdel av april.

– Den ekstraordinære situasjonen, gjer at marknaden endrar seg raskt og med stor grad av usikkerheit. Det gjer at prisen på pengar for bankane ikkje er føreseieleg, og det er dermed svært krevjande å sette langsiktige prisar på lån akkurat no, seier Elisabeth Blomvik, divisjonsleiar for personmarknaden i Sparebanken Møre i ei pressemelding.

Bankane opplever stor pågang av kundar med spørsmål om økonomi grunna koronaviruset.

– Vi opplever at mange av kundane våre kjenner på usikkerheit knytt til eigen arbeidssituasjon. Vi får derfor mange søknader om avdragsfridom på bustadlånet, og dette er eit effektivt tiltak som gir god effekt for kundane. Vi prioriterer no å følgje opp alle desse førespurnadane så raskt som mogleg, seier Blomvik.