Digert ras frå Melshornet

Nyheiter

Mildver og regn har gitt auka rasfare, og i 1330-tida onsdag gjekk eit stort ras frå Melshornet.

- Eg var ute og trilla, og høyrde at det braka kraftig. Og eg bur slik til at eg ser rett bort på raset, seier Anja Kristin Steinnes, som rakk å filme siste delen av raset.

Raset har gått ved det eit av dei store gjøla i sida opp frå Melsbygda. På toppen har det bygd seg opp ein stor skavl i vinter, etter veker og månader med vind frå sør og søraust. Møre-Nytt melde først at det kunne sjå ut til at det var delar av skavlen som hadde losna, men folk som har studert saka nærmare etter kvart som det klarna opp, meiner at snøen losna frå fjellsida.

Skavlen på Melshornet. Bildet er tatt tidlegare i veka  Foto: Kjell Rune Klubbenes