Meiner Fylkesmannen må opne grensene

– Opphev reiseforbodet med ein gong

Dagleg leiar: Jan Thormodsæter er dagleg leiar hos Mafoss.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL., Vikebladet Vestposten

Nyheiter

Mafoss, HNI (Haram Næring og Innovasjonsforum) og Maritimt Forum Nordvest krev at Fylkesmannen og kommunar i Møre og Romsdal går vekk frå retningslinene for innreise grunna koronaviruset.

Fylkesmann Rigmor Brøste gjekk før helga ut med ei oppmoding til kommunane om å gjere likelydande vedtak for karantenereglar. Personar som reiser frå Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland til Møre og Romsdal skal då i karantene i fjorten dagar.

– Fylkesmannen i Møre og Romsdal er den einaste av de elleve fylkesmennene som har anbefalt lokale vedtak som strider mot regjeringa sine retningslinjer, heiter det i eit ope brev til Fylkesmannen og alle ordførarane i fylket.




Vanylvsordføraren om Volda og Ørsta sine «opne grenser»

- Kan auke utbreiinga av smitten i regionen


Mafoss, HNI og Maritimt Forum Nordvest viser til at fleirtalet av kommunane i fylket har følgt oppmoding. Ulstein, Volda og Ørsta er kommunane som har valt å ikkje innføre strengare reglar.

– Både Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og regjeringa har gått ut mot kommunar som stenger arbeidarar ute frå kommunane sine av frykt for koronaviruset. Dei fremste fagfolk i Noreg er svært tydelege på at staten sine tiltak er meir enn gode nok. Har verkeleg staten sin representant i Møre og Romsdal formell rett til å overprøve staten sine retningsliner? Kva helsefagleg kompetanse er det Fylkesmannen har tilgang til som kan overprøve dei nasjonale tiltaka? Møre og Romsdal trenger eit næringsliv også etter koronaviruset. Då må vi ikkje gjere det endå vanskelegare å drive næring i vårt fylke enn andre stader i landet, heiter det i brevet.


Kommunale reiserestriksjonar

Ulstein gjer som Ørsta og Volda



Ulik praksis på Søre Sunnmøre

Herøy skjerpar reisereglane


Organisasjonane meiner at Fylkesmannen ikkje har snakka med næringslivet før oppmodinga gjekk ut til kommunane.

– Når eigne tilsette og underleverandørar ikkje kjem inn i fylket utan å gå i karantene i fjorten dagar, vil det ganske raskt føre til at arbeidet ved bedriftene stoppar opp. Held Fylkesmannen og fleirtalet av ordførarane fram med sin praksis, vil næringslivet i Møre og Romsdal få fleire konkursar enn i andre fylke.

Regjeringa har ikkje pålagt alle kommunane om å ha dei same reglane. Organisasjonane hadde forventa at dette vart gjort tysdag.

– Når det ikkje skjedde, må Fylkesmannen og ordførarar sjølve ta til fornuft og opne opp for innreise til fylket straks før regjeringa kjem med sine varsla nasjonale, pålagde regler. Vi må kunne forvente at fylkesmannen som staten sin representant i fylket følgjer staten sine retningsliner.