Strynefjellsvegen stengt

Vindkule la vogntoget over på sida

Webkameraet viser vogntoget etter at det hadde blese av vegen og stod fast i snøen.   Foto: WEBKAMERA STATENS VEGVESEN

Nyheiter

Fjordingen: Først bles vogntoget av vegen og vart ståande fast i snøfonna. Då Jan’s Bilberging kom på plass for å dra vogntoget ut av snøen, kom det ei kraftig vindkule som la heile vogntoget over på sida.

Det stadestar vogntogsjåføren sjølv i samtale med Fjordingen måndag kveld. Han kom uskadd frå hendinga.

Vogntoget som hadde blese av vegen vart fanga av vegvesenet sitt webkamera i Breidalen. Seinare viser same kamera at vogntoget ligg over på sida.

- Eg var på veg mot Stryn og alt var fint over fjellet. Då eg passerte Geirangerkrysset og var på veg mot tunnelen var det akkurat som det sa pang. Det var reine ragnarok til vindkast. Vegen var glattpolert og eg bles rett og slett av vegen, fortel sjåføren. Som og fortel at vogntoget som køyrde framom han klarte seg så vidt.

Jan Bernhoft i Jan’s Bilberging stadfestar overfor Fjordingen at det no bles så kraftig i Breidalen at det ikkje er aktuelt å starte på bilberginga før tysdag når vinden har roa seg ned. Dermed er det uvisst kor lenge rv 15 Strynefjellsvegen vil vere stengt denne gong.

Strynefjellet er framleis stengt tysdag morgon.

Denne artikkelen vart først publisert av Fjordingen.