Stor søking på barnehageplassar i Ørsta

Det er fleire som ynskjer barnehageplass enn det er plassar i Ørsta kommune.

Søking: Mange søkjer opptak ved Dalane barnehage. 

Nyheiter

Ørsta kommune fryktar difor det vert foreldre utan plass for borna sine i barnehagar til hausten.

I år har kommunen barnehageplass i 10 barnehagar: sju kommunale og tre private.

Det er 120 barn som skal over i grunnskulen, og det er 148 nye søkjarar.

– Av erfaring veit vi at ikkje alle som søker plass og får det, takkar ja til denne. Det fører til mange endringar ut over våren og sommaren, men kommunen har likevel ei utfordring i å gi alle som ynskjer det barnehageplass i år, heiter det frå seksjonsleiar Reidun Mo på Ørsta kommune si heimeside.

Folketalsutvikling for kommunen viser ikkje store endringar i barnetal framover, og endringar i folketalet tilseier mest auke i sentrum av kommunen.

– Likevel har vi for neste barnehageår fått mange søkarar på Sæbø og Dalane. Resten av søknadane fordeler seg likt på dei andre barnehagane våre, seier Mo.

Grunna korona-tiltaka vil publisering av opptak skje noko seinare enn vanleg.