Nytt lys i elendet

Også Ålesund sjukehus sin første koronapasient er utskriven

Ålesund sjukehus.  Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Nyheiter

Det kan gå svært bra sjølv om du blir så korona-sjuk at du hamnar på sjukehuset. Tysdag føremiddag melder Helse Møre og Romsdal at også Ålesund sjukehus sin første korona-pasient no har blitt utskriven frå sjukehuset. Tilstanden til pasienten er god.

Dermed har Ålesund sjukehus att ein pasient med koronasmitte innlagd.

Måndag kunne Møre-Nytt melde at Volda sjukehus sin første korona-pasient hadde friskna så raskt til at det heldt med to døgn på sjukehus før utskriving.

Stoda ved sjukehusa i Møre og Romsdal er som følgjer:

Volda sjukehus har tysdag ingen innlagde pasientar med koronasmitte.

Ålesund sjukehus har ein innlagd korona-pasient.

Molde sjukehus har framleis to innlagde pasientar med koronasmitte. Dei får intensivbehandling og tilstanden for begge pasientane er alvorleg, men stabil.

Kristiansund sjukehus har ingen innlagde pasientar med koronasmitte.