Nedgang i talet korona-testa i Ørsta måndag

Og framleis ingen fleire med påvist smitte

Koronatesting Ørsta mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Etter dagens videomøte i kriseteamet kom det fram at berre seks vart testa for koronasmitte i Ørsta måndag, seier ordførar Stein Aam tysdag føremiddag.

Det er betydeleg færre enn kvar dag i førre veke, då 87 vart testa frå måndag til fredag. Og til alle si store glede viste det seg at ingen var smitta. Det vart teke fem nye testar tysdag.



- Svara på dei seks som vart testa i går er enno ikkje klare, men vi håper jo at den gode trenden held fram, seier Aam. Dermed er det altså framleis fire koronasmitta i Ørsta, alle smitta på utanlandsferie.

Men det er ingen grunn til å lempe på dei strenge restriksjonane. I ei pressemelding oppmodar Ørsta kommune om at berre ein husstandsmedlem går på butikken, og at vedkomande vaskar seg godt på hender både før og etter butikkbesøket.

Institusjonane

- Vidare så vert institusjonane rundt om i kommunen oppgraderte, til dømes når det gjeld smittevernutstyr. Så eg meiner vi skal ha rimeleg god kontroll, seier Aam.

Ørsta-ordførar Stein Aam  Foto: Arkiv Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten

Som også gjer ytterlegare tiltak på Ørsta rådhus.

- Eg insisterte på at i alle fall dei to neste møta vert digitale - det vil seie møtet i samfunnsutvalet 30. mars og formannskapet 1. april. Det har inga hensikt å samle såpass mange politikarar fysisk, og dermed auke smittefaren. Eg fekk medhald i dette.