Om kapasiteten til Volda sjukehus vert sprengd

Nilletun kan bli reserve-koronasjukehus

Gamle Nilletun ved Mork-senteret kan bli reserve-sjukehus under koronakrisa.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Nilletun på Mork-senteret kan takast i bruk som «reservesjukehus» dersom smittepresset vert ekstra stort i tida som kjem.

- På Nilletun er det 14 plassar, som kan takast i bruk om kapasiteten på Volda sjukehus vert sprengd, noko vi håper ikkje skjer. Men det gjeld sjølvsagt å vere føre var, fortel ordførar i Ørsta, Stein Aam.

Nilletun kan altså bli eit supplement til Volda sjukehus, der ein fjerdedel av medisinsk avdeling er sett av til korona-avdeling. I første omgang er der 11 sengeplassar, men dette kan oppgraderast til 22.

Tysdag er det ingen koronasmitta på Volda sjukehus, men dette kan raskt endre seg. Og skulle ikkje heller 22 sengeplassar vere nok, kan Nilletun takast i bruk.