Kommuneoverlegen

- Må gå ut frå at det er mørketal for smitta i Ørsta

Kommuneoverlege Unni Natås.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det er framleis fire positive prøver totalt i Ørsta kommune. Alle dei 87 prøvene som vart tekne sist veke var negative. Og det er testa seks nye måndag og fem nye tysdag, opplyser kommunen i ei pressemelding.



- Kommuneoverlegen understrekar at vi likevel må gå ut i frå at det er mørketal i smitta, og halde fram med tiltaka som er sett. Det finnast truleg smitte i lokalsamfunnet som vi ikkje veit om, skriv kommunen i pressemeldinga.

Stengde skular og barnehagar

Tysdag ettermiddag kunngjorde regjeringa at dei ekstraordinære tiltaka held fram til etter påske, 13. april. Det betyr at skular og barnehagar vert stengde, og at det er strenge restriksjonar på kontakt med andre.


Ingen fleire smitta i Volda, men

"Lev som om du er i karantene"


- Som samfunn må vi halde fram med å følge nasjonale tiltak og halde oss mest mogleg for oss sjølve og unngå kontakt med andre. Vi oppfordrar også om at berre ein husstandsmedlem går på butikken, og at vedkomande vaskar seg godt på hender både før og etter butikkbesøket, skriv Ørsta kommune.

Ørsta og Volda skal samarbeide om å bruke Nilletun, ved Mork senter, i arbeidet med å hindre smittespreiing.


Om kapasiteten til Volda sjukehus vert sprengd

Nilletun kan bli reserve-koronasjukehus


- Ein ser dette som ei løysing som kan nyttast på fleire vis, avhengig av behovet. Det blir mellom anna sett på Nilletun som eit mogleg tiltak for heimebuande med smitte eller for pasientar som vert utskrivne frå sjukehus.