Ingen fleire smitta i Volda, men

"Lev som om du er i karantene"

Koronatesting ved Volda ungdomsskule.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Smittetalet i Volda har ikkje auka sidan måndag, og det er framleis tre som har fått påvist koronasmitte. Men ein ventar på prøvesvar for 21 personar.

- Vi veit at smitten er i lokalmiljøet og den enkelte må ta situasjonen alvorleg. Situasjonen er uoversiktleg på landsbasis då viruset er svært smittsamt, og mange kan ha det utan å kjenne særlege symptom, heiter det i ei pressemelding frå Volda kommune.


Mange usikre på grunn av strenge test-reglar

«Eg er sjuk, familien er sjuk, skal vi ikkje testast?»


Kommunen gjentek reglane om å halde avstand og vaske hender, og vere merksame på at det kan vere smitte på kontaktflater som mange tek på når du er i butikken eller fyller drivstoff. Det vil vere uansvarleg dersom ein berre går inn i butikken utan å halde avstand til andre og følgje råda til personleg hygiene.

Vidare rår kommunen til å ikkje gå på turar som kan medføre risiko for å belaste hjelpeapparatet. Og oppmodar sterkt om at ein organiserer leik for så få om gongen at ein kan halde minimum ein meter avstand.

Legetenesta

Volda kommune gir nødvendig helsehjelp til dei som treng det, men er framleis takksam for at du viser omsyn og ikkje tek kontakt med legetenesta om ting som kan vente. Ein kan avtale legetime for nødvendig helsehjelp. Legekontoret er todelt der det er oppretta eige legekontor for pasientar med luftvegsjukdomar ved helsestasjonslokalet på Øyra skule. Volda og Ørsta har legevaktsamarbeid på kveld for at ein skal ha to legar på vakt og høve til å skilje pasientar med luftvegssymptom frå pasientar med andre behov.

Ringjerunde til næringslivet

Politisk leiing i kommunen vil i dei næraste dagane ta ein ringjerunde til bedriftene for å høyre korleis dei opplever situasjonen og for å kartleggje behov som ein kan bringe opp til sentrale myndigheiter.

Hjelp til å handle

De som er sjuke eller er i karantene kan ta kontakt med frivilligsentralen som kan organisere hjelp å handle dersom de ikkje har andre som kan gjere dette for dykk – ta kontakt på telefonnummer 917 25 639 (Volda) og 415 12 813 (Hornindal). Hugs god handhygiene og fysisk avstand til kvarandre.

Lokal informasjonstelefon

Har du spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på nr 970 11 773 - Ope 11.00-15.00 kvardagar – og betjent av helsepersonell. Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset: 815 55 015