Volda sjukehus

Korona-testar alle pasientar med forkjølings-symptom

Knut Nautvik er leiar i lokalt kriseteam på Volda sjukehus.   Foto: Arkiv

Nyheiter

- Heller ikkje i dag har vi nokon pasientar som er innlagde på Volda sjukehus med påvist korona-smitte, seier leiar i lokalt kriseteam på Volda sjukehus, Knut Nautvik.

Men på eit sjukehus gjeld det sjølvsagt å innføre eit svært strengt smitteregime, for å bli mest mogleg sikre på at det ikkje oppstår smitte innanfor sjukehus-veggene.

- Difor isolerer og koronatestar vi alle pasientar som får symptom på forkjøling, er litt snufsete eller har sår hals. Det kan til dømes vere ein blindtarm-pasient som får små teikn til forkjøling, seier Nautvik.

- Og dette er eit fåtal – no på tysdag gjeld det vel to – tre pasientar, meiner eg. Og hittil har heldigvis alle pasientane som har blitt isolerte og testa testa negativt – dei er altså ikkje korona-smitta, seier Nautvik.

Til no har sjukehuset hatt ein pasient med påvist korona-smitte. Vedkomande hadde blitt smitta på ferie i Austerrike, og etter nokre dagar i heimekarantene blitt så sjuk at det vart sjukehusinnlegging. Men måndag kunne Nautvik fortelje at pasienten friskna til så raskt at det vart naudsynt med berre to døgn på Volda sjukehus.