Inviterer til dagleg bøn

- I vanskelege tider har kyrkjene stått opne og menneska har søkt saman i bøn og song. No kan vi ikkje samlast

"Vi lever i nokre underlege og uvisse dagar. Brått er kvardagen annleis- og vi veit ikkje for kor lenge."

Volda kyrkje.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det skriv Volda kyrkjelege fellesråd på heimesidene sine. Dei har no laga eit opplegg med dagleg bøn.

- Lat oss be- der vi er, men saman, er oppmodinga.

- Mange av oss kjenner at livet er meir uvisst og sårbart enn vi hadde tenkt over. Men menneskelivet er sårbart. Det har menneska alltid visst- og kjent på kroppen. For mange har dette ført dei til bøna, til Gud- for å hente styrke og kraft, står det skrive, signert prestane i Volda, Birgitte Kessel (prestestudent), Matias Austrheim, Kristian Myklebust, Ingrid Finsådal og Ingeborg Matre.



heimesidene sine har dei laga eit opplegg for kvar dag.

Måndag gjekk bøna til dei som jobbar i helsevesenet, til lærarane som må finne nye løysingar i møte med korona-situasjonen, og til dei som er på flukt frå krig. Tysdag går bøna til kyrkjelyden, til dei i lokalsamfunnet som er i risikogruppa, alle som dyrkar, distribuerer og sel mat, for god forvaltning og fordeling av ressursar.

Det er prestestudent Birgitte Kessel som har samla tekstane, salmane og bønene.