Stort behov for kontakt med kyrkja

- I denne krisetida må vi finne kreative måtar å kommunisere med kvarandre og støtte kvarandre på

Ørsta kyrkje  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

I eit lesarinnlegg i Møre-Nytt oppmodar diakon Betty Søvik om å ta vare på kvarandre i ei vanskeleg tid.

- Vi på Ørsta kyrkjekontor fylgjer med på spreiinga av koronaviruset i landet vårt generelt og i lokalsamfunnet spesielt. Det er vanskelig å finne ord for situasjonen slik den er no. På Kyrkjekontoret er vi tilgjengelige og vil gjerne vere til stades også i ei krisetid som dette for å hjelpe alle som er berørt på ulikt vis. Men det vil skjer på andre måtar enn det vi gjer til vanleg.

Diakon Betty Søvik.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Søvik fortel i innlegget at dei opplever at det er eit stort behov for kontakt og støtte i den situasjonen mange er i. Dei prøver difor å finne kreative løysingar.

- Alle må tenkje alternativt om korleis vi kan tilby fellesskap, bønn og samtale til dei som ynskjer det. Vi vil fortsette å formidle budskapet om Guds kjærleik sjølv om vi ikkje kan møtast og utføre tenester i større forsamlingar. Korona-viruset utfordrar oss til å finne praktiske løysingar til diakonalt arbeid i kyrkjelyden. Slik situasjonen er no, prioriterer vi å ta kontakt med menneska i kyrkjelydane våre via telefon og andre media

.

Inviterer til dagleg bøn

- I vanskelege tider har kyrkjene stått opne og menneska har søkt saman i bøn og song. No kan vi ikkje samlast

"Vi lever i nokre underlege og uvisse dagar. Brått er kvardagen annleis- og vi veit ikkje for kor lenge."


Søvik seier at det er viktig at alle som er unge og friske bidreg til å hjelpe dei som har spesielle behov, i denne spesielle tida.

- Vi i kyrkja ønskjer på denne måten å strekke ut ei hand til dei som ønskjer ein person å samtale med om den situasjonen dei er i. Vi vil understreke at sjølv om vi ikkje får vere sammen fysisk, kan vi likevel vise omsorg til kvarandre gjennom telefonkontakt, Facetime, Skype, WhatsApp osv. Det er mogleg å gjere ting i lag på avstand, f. eks. felles bønn, samtale, råd om matlaging og andre aktivitetar. I denne krisetida må vi finne kreative måtar å kommunisere med kvarandre og støtte kvarandre på, særleg overfor dei mest utsatte i samfunnet vårt.

Tilsette på kyrkjekontoret er tilgjengelege for samtalar på ulike måtar.

- Ved å stille oss til disposisjon håper vi også å avlaste dei allereie belasta helseinstitusjonane, dersom det er slik at nokon treng nokon å snakke med om saker som ikkje er direkte medisinsk relatert. Diakonane og prestane i kyrkja er utdanna til å handtere vanskelege personlege situasjonar og opne for samtalar. Vi ynskjer dykk alt godt og Guds velsignelse midt opp i alt, skriv Søvik i lesarinnlegget.