Vårt fylke hardast råka

Eksplosiv auke i arbeidsløysa

Fylkesdirektør Stein Veland i NAV på omvising hos NAV i Ørsta, her saman med lokale NAV-leiaren, Eli Grøtta. (arkivfoto)  Foto: svein aam

Nyheiter

Møre og Romsdal er det fylket i landet med størst auke i arbeidsløysa etter korona-krisa.

Den siste veka vart det nesten 7.000 fleire arbeidsledige i fylket, viser tal frå NAV. Auken var frå 5.974 til 12.910 arbeidslause, eller 116 prosent.

-Alle fylke har hatt ein kraftig auke i talet heilt ledige den siste veka. Vårt fylke hadde den største auken, står det i ei pressemelding frå NAV Møre og Romsdal.

Også veka før var det ein kraftig auke, frå 2.909 arbeidsledige 10. mars til 5.974 den 17. mars, og altså no, 24. mars er 12.910 ledige.

– Hovudårsaka til dette er ein kraftig auke i permitteringar som følge av koronaviruset, seier NAV-direktør Stein Veland.

– Tala for heile landet viser at det er høgast arbeidsløyse innan reiseliv og transport, deretter følger butikk- og salsarbeid.