Arctic Nutrition planlegg utbygging i Hovdebygda

Arctic Nutrition i Hovdebygda planlegg ei utbygging av anlegget i Hovdebygda.

Arctic Nutrtioin sitt anlegg ligg i Hovdebygda  Foto: svein aam

Nyheiter

Bioteknologiverksemda, som har hovudkontor i den tidlegare Møre Trikotasje- fabrikken i Hovdebygda, arbeider vidare med planlegginga av ein fabrikk for produksjon av silderognekstrakt av legemiddelkvalitet, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kommune.


Satsar på helseindustri i Ørsta

Innovasjon Norge støttar legemiddelutviklinga til Arctic Nutritions med 14 millionar kroner. Målet er å byggje ny helseindustri i Ørsta.


Måndag vart det halde ein førehandskonferanse med Ørsta kommune for å avklare ein del føresetnader for bygging av ny fabrikk på tomta i Industrivegen. Forprosjektet, som fekk støtte frå det kommunale næringsfondet, er gjennomført.

Leiinga i selskapet ønskjer no å ta eit steg vidare i prosessen. Arctic Nutrition er framleis på eit tidleg stadium i planlegginga, og må difor ta ein del atterhald.

Men førehandskonferansen gav avklaringar som gjer at selskapet går vidare med planlegginga. I første fase er det aktuelt med eit nybygg på inn til 1 500 m² og eit kjøletårn. Investeringsramma for det samla prosjektet vil vere mellom 200 og 300 millionar kroner og kan skape om lag 20 nye høgkompetanse- arbeidsplassar. Selskapet vart medlem i bransjeforeininga Legemiddelindustrien i 2018. Dette var eit viktig steg som bana veg for realiseringa av eigen fabrikk og produksjon av legemiddel mot psoreasis i Ørsta, heiter det i pressemeldinga.

Ordførar Stein Aam er glad for at Arctic Nutrition no går inn ein meir konkret planleggingsfase.

- Dette er ei svært spennande verksemd med dokumenterte resultat av forskinga si, seier han til kommunen si heimeside.