17. mai i Ørsta:

– Planlegg for at det blir feiring

Ørsta IL fotball held fram med planlegginga av 17. mai-feiringa inntil vidare. Her frå folketoget i fjor.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Nyheiter

Statsminister Erna Solberg trur at det blir ei annleis 17. mai-feiring i år, og har oppmoda folk til legge alternative planar grunna koronasituasjonen. I Ørsta er Ørsta IL fotball som inviterer til folkefest på nasjonaldagen. Inntil vidare planlegg dei for at nasjonaldagsfeiringa skal gå som normalt.

– Vi køyrer på som at feiringa blir gjennomført og planlegg slik vi alltid har gjort. Vi går ut ifrå at det blir bunadskledde ørstingar og korpsmusikk i Ørsta sentrum 17. mai. Sjølvsagt vil vi rette oss etter nasjonale føringar, seier leiar Tov Lerheim i Ørsta IL fotball.


Volda-ordførar Sølvi Dimmen

«Må rekne med alternativ 17. mai-feiring»


Gjennom mange år har fotballgruppa også arrangert dans med Vassendgutane i mai. I år skulle konserten vere 9. mai i Ørstahallen. Saman med Vassendgutane skulle Get Rhythm og LIZZ stå på scena. Grunna koronasituasjonen har dette arrangementet blitt avlyst. Lerheim opplyser at arrangementet ikkje vil bli flytta til eit seinare tidspunkt.