Volda-ordførar Sølvi Dimmen

«Må rekne med alternativ 17. mai-feiring»

17. mai-feiring i Volda frå ei litt gladare tid for nokre år sidan.  Foto: Arkiv Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten

Nyheiter

- Kommunen har fått mange spørsmål om vi i år skal feire 17. mai på vanleg vis, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen på pressekonferansen tysdag.

Og viste så til statsminister Erna Solberg, som har sagt at i 2020 må ein pårekne ei noko annleis 17. mai-feiring enn i meir normale år – altså ei alternativ feiring.

- Og det trur eg Solberg har rett i, sa Dimmen.



Men trass i statsministeren sine spådommar, er tonen ein annan i Ørsta. Ørsta IL fotball er optimistar, og inviterer til folkefest på nasjonaldagen. Inntil vidare planlegg dei for at nasjonaldagsfeiringa skal gå som normalt.

– Vi køyrer på som at feiringa blir gjennomført og planlegg slik vi alltid har gjort. Vi går ut ifrå at det blir bunadskledde ørstingar og korpsmusikk i Ørsta sentrum 17. mai, seier leiar Tov Lerheim i Ørsta IL fotball.