Mange usikre på grunn av strenge test-reglar

«Eg er sjuk, familien er sjuk, skal vi ikkje testast?»

Ordførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard tysdag.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

- Ein del voldingar har meldt til kommunen og helsetenesta at «Eg er sjuk, familien er sjuk, skal vi koronatestast?». Men det er slik at det er nokså strenge retningslinjer for kven som skal testast. Så vårt råd til folk som er sjuke er at dei må halde seg i heimekarantene. Og om det er noko dei lurer på, så må dei ta kontakt per telefon eller epost til helsestasjonen.

Det sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen på korona-pressekonferansen tysdag.


Ingen fleire smitta i Volda, men

"Lev som om du er i karantene"


Førebels er 140 voldingar testa, tre har testa positivt, og 21 ventar på prøvesvar. Men verken ordførar eller kommunedirektør Rune Sjurgard trur det låge talet på tre smitta er reelt.

- Nei, smitten er i Volda, og det reelle talet er nok høgare. Alle må leve som om dei allereie er i karantene, understreka dei.

Og fortalde at Volda kommune kan kome til å justere sine retningslinjer i morgon, etter å ha fått klarheit i kva tiltak statlege myndigheiter kjem med i løpet av tysdag.