Kommunale reiserestriksjonar

Ulstein gjer som Ørsta og Volda

Nyheiter

Leiinga i Ulstein kommune har avgjort at dei ikkje innfører reiseforbod for folk frå Vestland og Austlandet.

-Kommunen følger dei nasjonale retningslinene, seier ordførar Knut Erik Engh til NRK Møre og Romsdal.

Kommuneleiinga har dermed høyrt på næringslivet i Ulstein, som har kome med sterke oppmodingar om å ikkje setje i verk reiseforbod mellom regionen og resten av Sør-Noreg.

Ulstein vel med det same line som Ørsta og Volda, som også har avgjort å halde seg til dei nasjonale retningslinene.



Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppmoda om felles reglar for Møre og Romsdal, men det blir det altså ikkje.

På Søre Sunnmøre har Ørsta, Volda og Ulstein sagt nei til reiserestriksjonar, medan Vanylven, Sande, Herøy og Hareid har innført. For Herøy gjeld dette: «Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem til Herøy kommune frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.»


Ulik praksis på Søre Sunnmøre

Herøy skjerpar reisereglane


Overfor Møre-Nytt har Fylkesmannen kommentert Ørsta og Volda si avgjerd (før Ulstein fatta si avgjerd):

«Ørsta-Volda har gjort ei risikovurdering i sine kommunar. Fylkesmannen har berre gitt ei anbefaling – ikkje eit påbod. Men eit fleirtal av kommunane i MR har gjort slike karantenevedtak som gjeld fram til fredag 27. mars. Vi tek Ørsta og Volda kommunar sine avgjerder til etterretning.»