To nye smittetilfelle i Volda

Koronatesting ved Volda ungdomsskule torsdag sist veke.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ein person testa positivt for koronaviruset i Volda kommune før helga. No har to nye personar testa positivt. Det opplyser Volda kommune.

Det eine smittetilfellet er knytt til den første personen som testa positivt. Den andre som har testa positivt har blitt smitta i Noreg.

- Volda kommune kjem ikkje til gjere vedtak om eigne karantenegrenser. Alle må opptre på ein slik måte at ein sjølv ikkje vert smitta og ikkje smitta andre, heiter det i pressemeldinga frå Volda kommune.