Kvardagsråd i krisetider

SAMAN UTAN SKJERM: Terapeut Anne Sælebakke oppmodar foreldre til å ta pausar saman med barna utan skjerm og bruka den krevjande tida ein er oppe i no, til å gjera gode ting saman som familie.   Foto: Frank May / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

Når samfunnet vårt blir stengt ned og mange av kvardagsrutinane våre er borte, er det ekstra viktig å laga sine eigne rutinar, meiner terapeut og forfattar Anne Sælebakke, som har lang erfaring med livsmeistring og helsefremjande arbeid.

Koronaviruset har på kort tid snudd opp ned på livet til dei fleste av oss. Arbeidsplassen er for mange bytt ut med heimekontor. Skular og barnehagar er stengde. Det same er treningssenter, symjehallar og kinoar. Idrettsarrangement og kulturelle tilskipingar er avlyste. Helst skal me halda oss heime, blir det sagt. Det kan vera utfordrande både for små og store. Råd nummer ein frå Anne Sælebakke er å laga struktur på eigen kvardag.

– Når strukturen manglar på det ytre planet, må ein laga det i familien, gjerne i samarbeid med barna, seier ho.

GODE RÅD: - Den tida vi no er inne i set store krav til foreldre. Det viktigaste for å skapa eit trygt samvær med barn er struktur, pausar, anerkjenning og regulering av følelsar, seier terapeut Anne Sælebakke. Foto: Gyldendal Norsk Forlag 

Rådet hennar er å laga ein rytme med skilje mellom jobb og fritid. Ein rytme der det er ei tid for å gjera skulearbeid, ei anna tid for leik og fysisk aktivitet. Ei tid for måltid og ei tid for samvær og kos.

Som terapeut har ho erfart at god struktur er viktig.

– God struktur hjelper folk å halda ut det som er vanskeleg. Vi treng nokre haldepunkt. Viss alt er flytande, vil det gje grobotn for angst og utryggleik. Det å ha nokre rammer gjev tryggleik og hjelper oss til å tenkja at no er vi her. No er det arbeidstid, no er det mattid. Bekymringane har eg avtalt å snakka med andre om i kveld, eksemplifiserer ho, og strekar under at gode rutinar er svært viktig for å handtera den krisa samfunnet no er oppe i.

Frisoner som motvekt til stress

Anne Sælebakke, som er utdanna lærar, fysioterapeut og psykoterapeut, er samtidig klar på at det å skapa struktur i den uvanlege kvardagen vi opplever, er krevjande og stiller store krav til dei vaksne. Ho peikar på at vaksne som prøver å skapa ein god kvardag for barna sine, også kan kjenna på eiga uro og bekymring. For å unngå at desse kjenslene går ut over barna, meiner ho det er viktig at vaksne tek pausar og skaffar seg eigne frisoner.

– Det er kjempeviktig i den situasjonen vi er i. Viss vi ikkje tek desse pausane, går vi meir og meir på autopilot. Då er det lettare for at vi seier og gjer ting som vi ikkje hadde tenkt godt nok over, seier ho og oppmodar foreldre til å leggja inn åleinetid der dei anten set av tid til kvarandre eller seg sjølve.

Karasjok 20170202. Samisk familie i Karasjok. 11-åringen Sàve Márjá Javo fra Karasjok steker reinsdyr kjøttdeig til Taco middag i Karasjok. NB! MODELLKLARERT Foto: Heiko Junge / NTB scanpix/ NPK  Foto: Heiko Junge

Kunsten å vera her og no

Å kjenna på frykt og bekymring er ikkje uvanleg i krisesituasjonar. Rådet til Anne Sælebakke er å ikkje tenkja så mykje på framtida, men heller å prøva å leva her og no og akseptera situasjonen som han er. Det er lettare sagt enn gjort. Ved å ta pausar og trena på såkalla oppmerksamt nærvær, meiner Anne Sælebakke likevel det er mogleg å hindra at dei urolege kjenslene tek overhand.

Oppmerksamt nærvær er ein måte å setja pausar i system på og kan brukast til å henta seg inn igjen i stressa og vanskelege situasjonar. Noko av kjernen er å øva seg på å vera til stades i noet og akseptera at ting er som dei er. Sælebakke, som har skrive fleire bøker om temaet, samanliknar det med å ha gode teltpluggar når det stormar.

– Når det er uvêr, er det viktig å ha gode bardunar og eit godt fundament. Følelsar er gode rettleiarar, men dei er veldige dårlege sjefar. Det er difor om å gjera å gje følelsane plass utan at dei dreg av garde med deg, for då blir du fanga i følelsane og misser handlekraft og oversikt.

Terapeuten legg til at det å henta seg inn igjen like gjerne kan handla om å ta ein joggetur, hogga ved, ringja ein venn eller gjera andre ting folk har gode erfaringar med når dei er stressa eller har det vanskeleg.

– Essensen er at du må ta ansvar for deg sjølv, kjenslene dine og behova dine, seier ho.

Håpar krisetid kan bli kvalitetstid

Sjølv om det kanskje ikkje alltid er like lett å vita på kva ein skal fylla tida med når alle fritidsaktivitetane er innstilte, håpar Anne Sælebakke at det kan koma noko godt ut av krisa vi no opplever.

– Det vi no står oppe i er ein katastrofe, samtidig gjev det nokre fantastiske moglegheiter til å koma nærmare kvarandre og roa ned eit veldig stressa liv.

Sælebakke peikar på at høgt aktivitetspress og skjermbruk har ført til at familielivet over lang tid har blitt mykje meir pressa enn før og at det ofte har blitt lite tid til berre å vera saman. Det har vi no ei gyllen moglegheit til å retta på, meiner ho.

– No blir vi tvinga til å gira ned og ta det med ro. Det er vi ikkje vande med, difor vil ein også møta motstand og uro. Samtidig ligg det ei moglegheit for at vi oppdagar kor viktig det er med pausar.

Ho meiner pausar er ei stor mangelvare i samfunnet vårt og er klar på at det skaper mykje stress. I den frisona som no er skapt, oppmodar ho foreldre til strukturert skjermbruk og til å skapa frisoner der dei legg bort mobilen. Dette nærværet vil smitta over på barna og opna opp for å oppdaga dei gode samtalane på nytt, meiner ho.

– Viss vi er så heldige at vi kjem godt i gang igjen med eit nokolunde velfungerande samfunn, tenkjer eg at noko av det vi må ta med oss frå denne krisa er at pausar er like viktig som aktivitet. Pausar til berre å vera. At ting får lov til å regulera seg sjølv, til at ein kan vera meir spontan og kreativ. Til å kjenna etter kva ein har lyst til. Pausar til berre å kvila og slappa av. Det er så viktig både for den fysiske og mentale helsa vår og for kvaliteten i relasjonane våre, seier Anne Sælebakke.