Gladnyheit

Korona-innlagt på Volda sjukehus har friskna til og blitt utskriven

Det vart eit kort sjukehusopphald for den første korona-innlagde på Volda sjukehus. Vedkomande friskna så raskt til at det vart utskriving etter to døgn.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

- Når vi no går inn i ny veke, har vi ingen korona-smitta innlagde på Volda sjukehus. Personen som vart innlagt med korona i førre veke, friskna raskt til, og kunne utskrivast laurdag, fortel Knut Nautvik, leiar i lokal krisestab på Volda sjukehus.

Det var sist torsdag at ein korona-smitta pasient vart innlagt ved sjukehuset i Volda. Pasienten hadde vore sjuk ei tid etter å ha kome heim frå Austerrike 7. mars. Men personen friskna altså fort til.

- Vi vurderte det slik at personen kunne sendast heim i helga, i staden for å liggje her. Det er jo ei lita gladmelding midt oppe i det heile. Sjølv om ein er så sjuk av korona-viruset at ein treng sjukehusopphald, kan ein friskne til raskt. Personen er no i heimekarantene, seier Nautvik.

Ein fjerdedel av medisinsk avdeling er sett av til koronasmitta – inntil vidare med plass til elleve pasientar. Dette kan oppjusterast til tjue om det vert behov for det. Ein har sett av 11 sengeplassar på medisinsk avdeling, og kan oppjustere til tjue når situasjonen eskalerer.