Ørsta innfører ikkje lokalt reiseforbod

Ørsta kommune innfører ikkje lokalt reiseforbod.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppmoda alle kommunane om å gjere likelydande vedtak om karantevilkår. Eit slikt vedtak vil gi heimekarantene i 14 dagar for personar som reiser til Ørsta kommune frå fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.



Ørsta kommune har i samråd med kommunelegen valt å ikkje innføre lokalt reiseforbod pr. no.

– Ørsta kommune oppmodar alle innbyggjarar til å følgje nasjonale råd, reise minst mogleg og unngå kontakt med andre i størst mogleg grad.