Ordføraren og kommuneoverlegen i Volda

«Vi har ukjende smittekjelder som helsetenesta ikkje har kontroll på»

Ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Etter at det vart kjend at det er påvist to nye smittetilfelle i Volda, går kommunen ut med ei åtvaring: Smitta er i lokalmiljøet, og helsetenesta har ikkje kontroll på alle smittekjeldene.

Volda kommune sende måndag ut ei pressemelding, der det mellom anna står:

«Det er no påvist to nye smittetilfelle. Den eine er knytt til same person som var påvist smitta før helga. Den tredje er også smitta innanlands. Det er viktig å merke seg no at smitta er i vårt lokalmiljø, og at det vil vere ukjende smittekjelder som helsetenesta ikkje har kontroll på. Vi må derfor oppmode alle om å ta situasjonen alvorleg. Det er ein uoversiktleg situasjon på landsbasis da viruset er svært smittsamt, og at mange kan ha det utan å kjenne særlege symptom.»

Vidare opplyser ein at Volda og Ørsta sitt legevaktsamarbeid på kveld og helg er styrka, slik at det er to legar på vakt.

Ordførar Sølvi Dimmen ser med uro på auken i permitteringsvarsla, og den uroen som mange i næringslivet no uttrykkjer.

- Kommunen vil ta kontakt med næringslivet for å få nærare orientering om situasjonen for å fange opp behov som må meldast til myndigheitene, fortel Dimmen.

Har du spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på nr 970 11 773 - Ope 11.00-15.00 kvardagar – og betjent av helsepersonell. Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset: 815 55 015