Vil at bøndene skal produsere meir i år

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil at bøndene skal produsere meir grunna koronaviruset.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil at regjeringa skal be bøndene produsere meir i år som følgje av koronaepidemien. Høgre er positive.

– Viss regjeringa samarbeider med næringa, så kan auke norsk kornproduksjon, få litt fleire til å så matkveite, og generelt produsere litt meir intensivt for å få litt lengre avlingar, seier Vedum til Nationen.

Senterparti-leiaren har sendt eit brev til regjeringa der han ber dei vurdere å gå i dialog med bøndene om auka produksjon.

Det er forhåpentlegvis unødvendig, seier Vedum, men seier det er eit beredskapsgrep i eit usikkert år.

Høgres landbrukspolitiske talsperson Guro Angell Gimse seier til avisa at ho er positiv til Vedums forslag.

– Det kan vere bra å gjere tiltak for å sikre oss akkurat i år, og det held vi på med. Sjølv om eg håper vi ikkje får bruk for det, seier ho.

Ein evig optimistisk Jan Endre Vartdal trur på framtida

- Vi skal gå i 17. mai-tog – saman!